A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

Litt sfo nytt

Dei sistevekene har me hatt mykje ulike aktivitetar på SFO. Når snøen låg fin ute, var me mykje ute og leika isnøen. Kjekt for alle med litt snø. No er snøen våt og sørpete, og då blir det mykje blaute kle i løpet av dagen. Me på SFO ynskjer at ungane har nok bytekle i garderoben til at me og kan vere litt ute på ettermiddagen, så ta ein sjekk i garderoben om bytekle er på plass.

Me lagar ulike ting på SFO, og denne veka har me atarta med å lage litt påskebileter som me har kløpt ut og laminert. Me har også starta med å lage våre eigne draumefangare. Dei vil me ha hengjande til pynt i vundaugene våre ei stund før dei får dei med seg heim. Fredag startar me opp med å lære oss å lage armbånd i makrame. Dette krever litt trening, menme trur at alle som vil kan klare dette.

Me har hatt mykje forskjellig varmmat, og nokre av varmmaten me lagaer er veldig populær, medan noke er mindre populært. Pølser, pizza, grønsaksuppe, lappar, tomatsuppe, fiskeburgar er nokre eksemplar på kva me har laga. Ein måndag laga me fiskesuppe med fiskepudding oppi...... me lagar ikkje det fleire gonger.

Ynskjer alle ei riktig fin og god helg.

2017-03-17

VEKE 45

Kaldt, men fint vær prega veka vår, og me måtte sjølvsagt vere litt ute på ettermiddagane. Me gjekk inn når sola reiste frå skuleplassen, så det har vore tid til fin inneleik og denne veka.

SFO-koret går sin gang, og me øver til foreldrekaffien no.

På fredag var det havregrynsgraut som stod på menyen, men det var det mangen som ikkje likte. Kva har skjedd med graut-kulturen vår?

Hugs at ungane må ha varme, gode klede til å vere ute i. Sjølv om det er kaldt, er me ute.

2016-11-14

Veke 44

Mykje inneleik denne veka, men flott inneleik. Ungane er flinke til å bruke heile SFO,en. Dei varierer på sin eigen leik, og kven dei leikar saman med. Gongane våre er òg populære å bruke.

Varmmat denne veka var ostesmørbrød på tysdag. På fredag vart det kakefest på SFO. Etter festen på onsdag var det mykje kake igjen, og SFO fekk bort masse kake som skulle spises opp. Ungane tykte det var stas, og alle rosene som var på kaka var spesielt gode :)  

2016-11-07

VEKE 43

Denne veka var litt prega av alt utearbeidet rundt oss, så me har vore ein del inne. Spennande for en del ungar å sjå på arbeidet som føregår utanfor glaset. 

På torsdag hadde me pølse og makaroni med tomatsaus. Veldig populær mat. Ungane har vore med på å satt opp ei liste over mat dei ynskjer seg på SFO, og det er fra denne lista me plukka menyen frå framover ei stund no.

Fredag var det aktivitetsdag, og me laga glasslykter. Decopage var veldig kjekt og populært, og det vart laga mange fine lykter, og fleire vil det nok bli etterkvart. 

2016-10-31

VEKE42

Første veka etter haustferien gjekk jammen fort på SFO. Me har vore mykje ute og nytta det flotte haustveret. Litt innetid har det blitt, og ungane håpar på dårleg ver no, sånn at dei får vere meir inne på SFO. 

På fredag var det aktivitetsdag med aktivitetar i gymsalen. Ungane er veldig flinke til å finne på, og aktivisere seg sjølv når me er i gymsalen. Flott og aktiv leik prega den tida me var der. 

På tysdagen var det fiskepinner i brød med raspa gulrot. Fyrste gongen me har prøvd dette på SFO, og det gjekk overraskande godt. Mange som likte dette :) 

 

2016-10-24
Powered by CustomPublish AS