Utdelinga av prisen ”Årets bedrift i Luster” er ei årleg tilskiping på Lustramarknaden. I år 2022 er det 32. gongen denne utmerkinga vert delt ut.

Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.

I statuttane for tildelinga står det mellom anna:

«Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking.

Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak og nyetableringar»

I år 2022 går prisen til eit etablert føretak. Verksemda har markert seg ekstra godt no siste året, med stor satsing og nyinvestering. Årets bedrift i 2022 er Nes gard. Eg vil be eigar og drivar Anders Manum om å komme fram.

Kvifor har så Nes gard fått denne utmerkinga:

Nes gard er ein gard med lange tradisjonar. Novarande eigar er 8. generasjon i same familie. Fram til ca. år 2000 dreiv Anders Månum sin grandonkel garden med ein allsidig landbruksproduksjon.

Foreldra til Anders Manum, Asbjørn og Mari, hadde lite erfaring med jordbruk då dei tok over garden. Jorda vart derfor leigd bort og og i 2002 starta arbeidet med å tilpasse husa på garden, dei fleste frå 1850, til overnatting og hotelldrift.  Anders si mor var kokke og faren var alt-mulig mann og guide.

De første gjestene sjekka inn sommaren 2003. Då hadde dei kun 4-5 soverom. Heilt frå starten var hovudmarknaden for Nes gard, fottur-interesserte folk både frå inn og utland.

Alt i 2011 starta Nes gard med skihelgar. Fyrste året ei helg, og det var stor interesse. Dette har utvikla seg svært mykje, no i 2022 er det 16 skihelgar og fyrste helga var 10. februar. Det har og ført til at sesongen på Nes gard no er vorten 9 månader.

Anders Manum tok over eigarskap og drift i 2021. Det var midt i koronatida, men det har gått bra, og mykje har skjedd ved verksemda. Siste året er hytta Fjordspeilet kommen på plass, vinbaren i grisehuset er etablert, bryggeområdet med badstu og badestamp er ferdig og det er laga festlokale i den gamle låven med plass til nær 100 gjester. I 2023 kjem Fjordspeilet 2.

Omsetninga har vakse raskt, i fyrste driftsår i 2003 var omsetninga 260.000 kr, i 2012 2.7 mill kr, i 2021 6.6 mill kr og budsjettet i 2022 er på 8.5 mill kr.

Det jobbar 17-18 personar på Nes gard i hovudsesongen, og det kan bu 40 personar på anlegget.

Marknaden er firmagrupper og private vennegjengar i skihelgsesongen, sommarsesongen har både norske og utanlandske gjester, hovudsakleg fotturinteresserte. Mange av gjestene kjem via turoperatørar.

Anders Manum ynskjer no etter utbygginga å gjere Nes gard meir tilgjengeleg for lokalbefolkninga. Både festlege samkomer, middagar og kulturarrangement vil vere aktuelt framover. Nes gard har alltid hatt fokus på god mat. Dei siste åra har dei løfta matopplevinga med auka bruk av lokale råvarer.

Til slutt: Nes gard er ei viktig reiselivsverksemd i Luster kommune. Det er viktig for ein kommune å ha verksemder med god kunnskap og som satsar i regionale og nasjonale marknader. Vi veit Anders Manum har fleire planar.

Lukke til med arbeidet framover.