PRESSEMELDING

Godt i gang i Lustra-tunnelane før ferien

Birkeland Entreprenørforretning har installert seg på riggområdet på Grandane i Gaupne, og er godt i gang med fyrste fasen av arbeidet i Ottatunnelen og Råumtunnelen på fv. 55 i Luster.

Arbeidstider fram til sommaren

Fram til sommarferien vil det hovudsakleg bli arbeidd på dagtid. Arbeidstidene vert mellom 08:00 og 18:00 måndag til torsdag. Det går kolonnar gjennom Ottatunnelen kvar heile time, og gjennom Råumtunnelen kvar heile og halve time. I tillegg slepp alle rutebussar gjennom når desse kjem til tunnelane, og då får biltrafikken høve til å henga seg på.

Gammalt ut – nytt inn

Før ein kan få på plass ny sikring og utstyr i tunnelane, må det gamle fjernast.

– Riving av gammalt PE-skum (vass- og frostsikring) er allereie ferdig, fortel prosjektleiar Sveinung Hovland i Statens vegvesen.

– Ved Råumtunnelen er tomta til nytt teknisk bygg klar. No jobbar me med tomtene ved Otta­tunnelen og Røneidtunnelen. Arbeidet fram mot ferien vil bestå i montering av fjellsikringsboltar.

Det skal òg påførast noko sprøytebetong som sikring. I samband med dette vil tunnelane bli stengde nokre få netter før sommarferien. Datoar for nattarbeidet er ikkje klare enno.

Oppstart òg i Røneidtunnelen

Før sommaren startar òg det førebuande arbeidet i Røneidtunnelen. I tillegg til same oppgraderingane som i Otta og Råum, skal taket i denne tunnelen hevast. Dette fører med seg sprengingsarbeid.

– Før ferien vil entreprenøren gjera førebuande arbeid, som å fjerna gammal utrusting og henga opp mellombels lys, fortel Hovland.

Arbeidet før ferien vil gå føre seg på dagtid, og stengingane vil bli koordinerte med dei andre tunnelane. Til hausten vil arbeidet i denne tunnelen halda fram på natt.

Mykje tunnelarbeid i vest

Opprustinga av dei tre tunnelane på fv. 55 i Luster er ein del av eit større program for tunnel oppgradering i Noreg. Nye forskrifter for tunneltryggleik og -utrusting gjer det naudsynt med større eller mindre tiltak på om lag 200 tunnelar på fylkes- riks- og Europavegar i Region vest (Rogaland, Hordaland og Sogn & Fjordane) dei kommande åra.

 

Kontaktperson:

Sveinung Hovland (prosjektleiar)

Tlf. 97517080

Meir om tunneloppgradering: https://www.vegvesen.no/vegprosjekter/tunnelervest