Informasjon

  • Til etablering av jordbærfelt vert det ytt eit plantetilskot på kr. 5 000- pr. daa ved ordinær planting og kr 2 500,- pr. daa ved replanting.
  • Det er ein føresetnad for tilskot at det vert nytta statskontrollerte planter.
  • Ved førstegongsplanting må det utplantast minst 2,0 daa for å oppnå tilskot.
  • Tilskot til ordinær planting vert kun ytt når det er ein reell auke av bærarealet på bruket. For tilskot til replanting er det ikkje krav om auke i areal.
  • Tilskot vert utbetalt etter godkjenning av felta av kommunen.
  • Tilskot til frostførebyggjande tiltak til jordbær vert vurdert individuelt.


Økologisk bærsatsing:

  • Til etablering av økologiske jordbærfelt vert det ytt eit ekstra tilskot på kr 2 000,- pr. daa
  • For å oppnå ekstra tilskot til økologisk feltetablering må det nyttast areal som er godkjent i samsvar med Debio sitt regelverk
  • Det er ein føresetnad at feltet vert drive økologisk i minst 5 år. Tilskot utbetalt til felt som vert drivne kortare tid må tilbakebetalast.

 

Til søknaden må fylgjande dokumentasjon leggjast ved:

  • Kartvedlegg over omsøkte område
  • Bilete av nyplantinga
  • Opplysningar om søknaden gjeld ordinær planting eller replanting. Tilskot til ordinær planting vert kun ytt når det er ein reell auke av bærarealet på bruket. For tilskot til replanting er det ikkje krav om auke i areal.
  • Dokumentasjon over kjøp av statskontrollerte planter, kopi av faktura