Lokaliteten inneheld plantegeografisk interessante førekomstar, slik som kantkonvall Polygonátum odorátum og raudflangre Epipáctis atrórubens. Småasal Sorbus subarranénsis er ein sjeldsynt art som har tyngdepunktet av utbreiinga si i Luster og Sogndal.

Ved fylkesvegen ligg det ein rasteplass like nedanfor reservatet, og her finn du eit skilt med kort informasjon om verneverdiane.

Det er ikkje tillate å brenna bål, telta og bruka sykkel eller motoriserte framkomstmiddel i reservatet. Du får heller ikkje plukka blomar her, men du er velkommen til å ta turen til Bargarden for å oppleva det flotte mangfaldet i blømingstida.

Verneforskrifta

Vernekart

Forvaltningsplan