Sogndal kommune har følgt programvareleverandøren (Visma) sine tilrådingar for å sjekke om det er bekymringsmeldingar sendt gjennom Nasjonal portal for bekymringsmelding, som ikkje har kome fram til Sogn barnevern. Konklusjonen etter denne gjennomgangen syner at Sogn barnevern ikkje har vore råka av programfeilen som kunne gjere til at meldingar ikkje kom fram. Med andre ord har alle bekymringsmeldingar i Sogndal og Luster kome fram til barnevernstenesta.