A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
047

Besøk av Nina Sørlie frå "Nina Children Home"

Tysdag 28. januar hadde me det årlege besøket av Nina Sørlie, ho driv barneheimen "Nina Children Home" i Kenya. Overskotet me får frå Haustmarknaden gir me til Nina Children Home. Det er veldig kjekt med dette årlege besøket av Nina, der ho fortel frå barneheimen. Våre barnehageborn og skuleelevar får sjå at pengane me gir dei kjem til stor nytte. Nina har alltid med seg film, bilde og brev frå barneheimen. Dei er våre born svært nysjerrige på, og no er vår oppgåve å skrive brev attende.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS