A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
løve

Bli med på Sommarles 2013!

Luster bibliotek inviterer alle 1.-7. klassingane i kommunen til å delta i konkurransen om å bli sommarens leseløve. I tillegg til flotte kommunale premiar, vil Luster oppvekstsenter kåra sin eigen lesemester!

Sommaren er ei fin tid for lesing. Les sjølv, eller finn nokon som kan lese for deg. Du kan lese bøker og høyre på lydbøker. Tre teikneseriar blir rekna for ei bok. Ta ein tur på biblioteket, så kan du finne bøker som er passe vanskelege og med alle mogelege tema.

Skriv på lesekortet når du har lese ei bok. Foreldre, lærar eller nokon på biblioteket må attestere på lesekortet. Hugs at når nokon les ei bok for deg, kan du og skriva boka opp! Det same gjeld når du høyrer på lydbok.

Det blir premiar til 10 deltakarar. Dei tre som les flest bøker får gåvekort på 500-200 kroner, mens sju andre blir trekte ut og får andre premiar. Du må ha lese mint fem bøker for å vera med i trekninga.

Ha ein fin sommar med mykje lesing!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS