A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Brøksirkel

I dag prøvde me oss på ein brøksirkel i ASK.

Aktivitet i brøksirkelen
Aktivitet i brøksirkelen
Aktivitet i brøksirkelen
Aktivitet i brøksirkelen
Aktivitet i brøksirkelen
Aktivitet i brøksirkelen

I siste økta i dag var det tid for ASK. Me starta med eit kvarter med slåball der den som skulle til å slå sa eit multiplikasjonsstykke som utelaget måtte svare på før han/ho slo. Elles var det heilt vanleg slåball slik me kjenner det frå før.

Etterpå prøvde me oss på ein brøksirkel der målet var å finne likeverdige brøkar. Mattehattar i ulike fargar vart plasserte i sirkelen rundt huska, og elevane skulle springe visst langt på kommando frå læraren. T.d. vart det sagt spring ein firedel. Då kunne elevane springe både ein firedel og to åttedelar rundt i løypa. Gruppene måtte diskutere og samarbeide før dei ev la ut på sprang. Når dei hadde sprunge, måtte dei forklare kvifor dei hadde sprunge, og kvifor dei stoppa ved akkurat den stasjonen i løypa.

Dette skal me prøva att i morgon, og det blir nok også med ein litt anna vri.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS