I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 melder Luster kommune oppstart av reguleringsplanarbeid for Bruflat bustadfelt med Øyagata, i Gaupne. Frist for innspel er 13. juli 2020.

Føremålet med reguleringa
Luster kommune ser nokre behov som ein ønskjer løyst gjennom reguleringa.

Det er eit behov for betre trafikktryggleik for gåande og syklande omkring Øyagata. Planarbeidet vil innebere ei oppgradering av Øyagata med etablering av langsgåande fortau. Samstundes vil planen gå langs Gardavegen opp til barnehagen, slik at dette arealet vert sett i samanheng. Barnehagen og naboeigedommen 82/14 er teke inn i planen med føremål å vurdere løysing for utviding av barnehagen.

Kommunen vil samstundes revidere gjeldande reguleringsplanar i området og tilpassa plankart og planføresegner til dagen situasjon samt revidere føresegner og utarbeide ROS-analyse som eit resultat av nye flaumkart for Gaupne. Planområdet er om lag 80 daa, sjå kartutsnitt.

Luster kommune står for hovudansvaret med reguleringa, med bistand frå Norconsult AS for prosjektering av Øyagata. Alle innspel og spørsmål til planarbeidet rettast til Luster kommune.

Planarbeidet er i samsvar med kommunen sin arealdel, og fører følgjeleg ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova eller utarbeiding av planprogram.

Bruflat planarb fargar.jpg.png

 


 

Tilhøve til overordna og gjeldande planar
Planområdet er tidlegare regulert og i stor grad bygd ut. Det vert varsla at eksisterande reguleringsplan for Bruflat 1 vert oppheva som ein del av prosessen, jf. plan – og bygningslova § 12-14. Ved vedtak av ny plan, vil ny plan gjelde framfor eksisterande plan der dei overlappar kvarandre.

Lenkje til gjeldande planar og planomriss i kommunekartet.

 

Har du innspel til planarbeidet?
Innspel skal sendast innan måndag 13. juli 2020 til:

Luster kommune

Postboks 77

6866 Gaupne

eller på e-post til postmottak@luster.kommune.no.

Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål til planarbeidet. Du kan kontakte planleggjar Birgitte Eitrem Landmark, tlf. 57 68 55 86 eller E-post: birgitte.eitrem.landmark@luster.kommune.no

Vidare saksgang
Etter at innspelfristen er gått ut, vil Luster kommune v/plan og Norconsult AS utarbeide eit planframlegg. I samband med ei synfaring av området til hausten, vert forslag til løysning presentert som eit skisseframlegg med mogelegheit for å kome med tilbakemeldingar. Vidare skal planframlegg handsamast i Plan- og forvaltningsstyret for utlegging til offentleg ettersyn. Det vert i utgangspunktet ikkje sendt svar på innspel, men alle innspel vert kommentert i saksframlegget og ligg tilgjengeleg for politikarane, når planframlegget vert lagt fram for 1. gongs handsaming i Plan- og forvaltningsstyret.

 

Melding om offentleg ettersyn av planframlegget vert annonsert i Sogn avis. Planframlegget vert lagt ut til offentleg ettersyn i minst seks veker, de vil bli varsla ved brev også om dette. I denne perioden er det høve til å sende inn merknader til planframlegget før vidare politisk handsaming.

 

Ev. innspel til planarbeidet skal sendast

i post til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne (postadresse etter 1. juli: Postboks 77, 6866 Gaupne)

eller pr. e-post til postmottak@luster.kommune.no

eller på digitalt høyringsskjema

innan 13. juli 2020.

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Luster kommune, v/ planleggjar Birgitte Eitrem Landmark,  tlf. 57685586, E-post: birgitte.eitrem.landmark@luster.kommune.no