Samarbeid med bygdelag, næringsliv og datahjelparar

Luster kommune er med i eit nasjonalt prosjekt i regi av Kommunal og moderniseringsdepartement og KS der målet er å etablere fast lågterskeltilbod innan datahjelp tilpassa lokale forhold. Som del av dette ynskjer me å etablere samarbeid med aktuelle organisasjonar i bygder, næringsliv og frivillige datahjelparar. Me ynskjer mellom anna å prøve ut eit desentralisert tilbod i bygdene.

Det er anbefalt å etablere fleire faste tilbod. Aktuelle er:

  • Drop in - tilbod (døme torsdagar kl. 12:00-18:00 på bibliotek, fredag kl. 18:00 – 20:00 på Fjordstova osv.)
  • Temakveldar i høve aktuelle tema (Altinn, nettbank, MinID, pasientreiser, bruke off. digitale tenester, bestille bussbillettar, bruk av nettbrett/smarttelefon osv.)
    Dette kan bli eit desentralisert tilbod – samarbeid med bygdelag og kursteam som blir sett saman alt etter tema.
  • Grunnleggande kurs.

Digital kunnskap for alle.png

Nett – datahjelpar

Har du lyst å vere med å bidra i nokon av tilboda?
I di bygd?

Ta kontakt med postmottak@luster.kommune.no, eller tlf. 57 68 55 00.

Ynskjer innspel

Prosjektet ynskjer innspel frå innbyggarane, næringsliv og frivillige lag- og organisasjonar til prosjektet.  Det kan vere innspel om behov, bidrag m.m. Innspel kan sendast til postmottak@luster.kommune.no, eller tlf. 57 68 55 00.

Ungdomsskulen i samarbeid med introduksjonsprogram

Gjennom valfaget innsats for andre vert det planlagt at ungdomsskuleelevane held dataopplæring for deltakarane i introduksjonsprogrammet. Ein planlegg opplæring på ungdomsskulen ein gong per veke. 


Prosjektgruppa er:

Kjell Olav Bondevik – fagutviklar heimetenesta
Peder Kjærvik – brukarrepresentant
Olav Tuften – brukarrepresentant
Anita Bjørk Ruud – leiar servicetorg
Jostein Melheim – brukarrepresentant
Ellen Borch Veum – biblioteksjef
Håvard Takle Sanden – ressurslærar
Anita Kjørlaug – Luster frivilligsentral
Trine Anita Systad – NAV
Britt Veum Hauge – konsulent/folkehelsekoordinator
Jan Nystuen – brukarrepresentant