Tenestene du kan nytta, er:
E-resept. Fornye resept på faste medisinar.
E-konsultasjon er eit alternativ til ordinær konsultasjon ved kjent sjukdom. Denne blir honorert med same takst som ved oppmøte hjå fastlegen. Evnt. tilleggsspørsmål og innhenting av supplerande informasjon frå pasienten er inkludert.
E-kontakt kan nyttast til enkle spørsmål. Som svar på blodprøve, kort info om røntgensvar/epikrisar eller du ønskjer at fastlegen ringjer deg tilbake.  Denne tenesta er gratis.

Dersom du loggar inn via heimesida vår www.lusterlegekontor.no finn du meir informasjon. Der ligg også informasjon om legen sine praksisdagar, som er avgjerande for når tid du kan forvente svar.

Når du kjem til besøklegen.no vel Luster legekontor. Vel innlogging med BanikID. Dette er på sikkerheitsnivå 4.