Her kan du

  • Fornye reseptar
  • E-konsultasjon med fastlegen din
  • Kontakt legekontoret (e-kontakt med fastlegen din)

Forskjellen på bruken av E-konsultasjon og Kontakt legekontoret er innholdet i meldingen du sender.

E-konsultasjon er eit alternativ til ordinær konsultasjon ved kjent sjukdom. Denne blir honorert med same takst som ved oppmøte hjå fastlegen. Evnt. tilleggsspørsmål og innhenting av supplerande informasjon er inkludert.
Kontakt legekontoret kan nyttast til enkle spørsmål, som svar på blodprøve, kort info om røntgensvar/epikriser eller du ønskjer at fastlegen ringjer deg tilbake.  Denne tenesta er gratis.

Dersom du loggar inn via www.lusterlegekontor.no finn du meir informasjon. Der ligg også informasjon om legen sine praksisdagar, som er avgjerande for når tid du kan vente svar.