AvtaleGiro

Dersom du som kunde har Avtalegiro, vil du ikkje oppleve noko endring.

eFaktura

eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal pr. i dag, og me vil anbefale alle våre kundar å opprette eFakturaavtale i banken. EFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp.

Faktura via Vipps

Gjennom den nye løysinga kan me no tilby Vipps Regning. Dette føreset at du brukar Vipps, og har aktivert Vipps Regning inne i appen. I tillegg må du vere registrert med gyldig mobiltelefonnummer i vårt kunderegister. Ta kontakt med oss og gje opp telefonnummer dersom du ønskjer å motta framtidige fakturaer på Vipps.

Faktura i Digipost / eBoks

For å motta faktura på Digipost/eBoks fordrar det at du har oppretta ein digital postkasse hjå ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse verta føretrekte før Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post

Ønskjer du å få fakturaen tilsendt som et PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakta oss for å få registrert epostadressa di i vårt system. Me må presisera at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil desse bli føretrekte framfor epost.

Faktura levert i postkassa

Dersom me ikkje får treff i nokon av dei digitale kanalane ovanfor, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare, og den einaste forskjellen du vil merka, er at utsjånaden på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botnen, dvs. at om ein ønskjer å nytta brevgiro må ein fylla ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar kan skaffast i banken, eller på rådhuset/servicetorget i kommunen. På rådhuset/servicetorget kan du og få hjelp til utfylling av giro dersom dette er ønskjeleg.

 

Kontakt oss på tlf. 57 68 55 48, eller på epost om du vil ha faktura på vipps eller i epostvedlegg. Då får økonomiavdelinga lagt mobilnummer eller epostadressa di inn i fakturasystemet.