No når veljarane får valkortet digitalt, vil du som har smarttelefon kunne ha valkortet tilgjengeleg når du skal stemme. 

Valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har stemmerett ved valet. 

Dersom du har med deg valkortet i vallokalet, er det enklare og raskare for valfunksjonerane å finne deg i manntallet.

Personar som har reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller som ikkje har oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen sin i registeret dei siste 18 månadene, vil få valkortet tilsendt på papir.

 

Les meir om digitale valkort på valg.no