Dette er eit stort og variert furuskogområde på fyllittgrunn med ein særmerkt hydrologi knytt til etteristids-forkastningar, her finn du tett og storvaksen furuskog og edellauvskog, og høg biologisk produktivitet. Området er rikt på grove, gamle tre, både av furu, alm og osp, og har eit spekter av kalkfuruskog frå tørre til rike typar.

Drægnismorki vart verna i 2010 og utvida i 2015 gjennom samarbeid med skognæringa, som eit ledd i arbeidet med å freda meir produktivt skogareal i Noreg. Hovudmålet er å sikra leveområda for den store gruppa av dyre- og planteartar som er knytt til skog og som no er på raudlista. 

Verneforskrifta