Lokale lag og organisasjonar kan no søkje om å bli ein av fem vinnarar, som kvar vil få tildelt 100 000 kroner, samt prosjekthjelp til å realisere sin naturmøteplass. På nettsida http://www.naturmoteplass.no/

kan ein finne meir informasjon om konkurransen. Sjekkliste for korleis ein søkjer, vil de finne på denne heimesida. Her kan ein også laste ned gratis og ferdige byggjepakkar, som inneheld teikningar, material-lister, budsjett og tips til bygginga.

Det er tredje gong Draumeplassen vert lyst ut i Sogn og Fjordane, og konkurransen i år har søknadsfrist 15. mai.
4H har lang erfaring med å skape naturmøteplassar i samarbeid med lokale aktørar og Gjensidigestiftelsen, og håpet er at konkurransen på sikt vil verte nasjonal.

For ytterlegare informasjon, kontakt:

Roger Eide, prosjektleiar for Draumeplassen, e-mail: roger.eide@4h.no, tlf. 952 50 129
Åge Avedal, regionleiar 4H Nordvest, tlf. 960 96 775