Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tore Renberg: Du er så lys

«Ansiktet hans den kvelden. Det kan eg sjå for meg no. Kolossalt levande. Som om det var fullt av mark, tenkjer eg no.»

Kva er litteraturen si oppgåve i verda? – Vi lærer å forstå andre. Setje oss inn i korleis andre har det. Dermed lærer vi også oss sjølve betre å kjenne. Og vi kan lære av dei erfaringane dei gjer seg, dei vi les om. Vi erfarer det same, berre heilt gratis. Utan å måtte ta konsekvensane av desse erfaringane, som ofte er fatale i fiksjonen.

Slik har eg ofte argumentert som formidlar. Men sjeldan har eg lese ein tekst som så klart svarar til denne oppgåva, ei forteljing som er akkurat slik, der det å forstå andre og greie å setje seg inn i korleis andre har det, og dermed forstå seg sjølv litt betre, er drivkrafta i historia.

Slik er det i romanen Du er så lys av Tore Renberg. Og det er ikkje lett, for dei det gjeld:

Steinar flyttar inn i huset på hi sida av hekken, han tar nabolaget med storm. Men den vakre kona står i vindauget i andre etasje med armane hengande apatisk langs kroppen. Panikken prikkar i nakken til Jørgen, den rolege, trygge familiefaren som er hovudpersonen i forteljinga.

Romanen er skriven på denne måten: Eg-personen fortel det som hende, med små frampeik mot det som skal skje. Det skaper ei intens spenning som driv lesaren framover. Somme tider vidar historia seg ut, i det heile storfamilien gjer sitt inntog i persongalleriet. Dette har nærast blitt eit særmerke for Tore Renberg: Han slepp mange skikkelsar inn på scena, som alle blir levande på netthinna vår gjennom det litterære overskotet i tekstane hans. Kva rolle dei skal få spele i akkurat dette dramaet, om noko i det heile, vil vise seg. Men alle ber på si historie, på sine løyndomar. På sin roman, om han blei skriven.

Og dette blir ei innsikt å ta med seg, til det verkelege livet, at det er umuleg å sjå seg sjølv utanfrå og dei andre innanfrå. Likevel er det ein føresetnad for eit godt tilvere å forstå seg sjølv – og andre. Bøker som Tore Renberg sin roman fungerer som ei øving i akkurat dette. Det er gledeleg for oss å kunne legge til at forfattaren skriv på nynorsk i denne romanen. Språkvalet styrkjer personteikningane slik dialogane er formulerte, nær det munnlege talemålet til forfattaren.

Boka finst også som lydbok.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker