A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Eg kan

Eg skriv ikkje fint, og eg les ikkje fort,

så meg er det nok lett å terge.

Men gjeld det å springa av stad som ein hjort,

å dukke i elva, å klatre i berget...

Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.

Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

 

Eg somlar og rotar, sit aldri i fred

og får aldri ferdig ei lekse.

Men gjeld det å lokke ei mor til å le,

ein hund til å danse, ein blom til å vekse..

Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.

Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

 

Eg greier mest aldri å fange ein ball,

eg spring nok, men stega er tunge.

Men gjeld det å stelle ein hest i ein stall,

ein sjuk i ei seng og ein ørliten unge...

Jau, det kan eg greie, jau, det går nok an.

Om nokon vil seie dei trur at eg kan!

 

Ingvar Moe

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS