A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Elevkveld fredag 28.oktober

Etter oppsett plan blir det ny elevkveld fredag 28.oktober kl 20-23. Sist elevkveld var det over 60 stk innom i løpet av kvelden, det er vi særs godt nøgde med! Denne gongen prøver vi noko "heilt nytt" - ein gaming/spelekveld med kiosk og musikk "attåt". Dei som vil vere med på dataspelinga, må ha med eigne, bærbare pc'ar. Skulen er klar over at det vert arrangert konfirmantleir den aktuelle helga, men vi ser oss diverre likevel nødt til å gjennomføre kvelden som planlagd. Det har vore "tradisjon" på Luster ungdomsskule over fleire år at vi nytter denne siste fredagen i månaden - det vert forutsigbart og ryddig for fleire involverte partar. Vi gler oss til fredag og håper at så mange som mogeleg kan delta og ha det kjekt ilag!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS