Søknad om naturskadeerstatning:

  • Kvar enkelt er ansvarleg for å dokumentere omfanget av skadene på sin eigedom/objekt. Ta bilete og ikkje start opprydding/tiltak før skaden er dokumentert!

  • Kvar enkelt er ansvarleg for å søke om erstatning. Ingen andre kan søkje om erstatning for dine tap. Søknadsskjemaet finn du her. Fristen er 3 månadar etter skaden har skjedd.

  • Grunnlaget for erstatning er kalkyle på arbeidet som må gjerast og skal leggast ved søknaden:

    • Under 50 000,-: Kan lage eigenoppgåve med skildring av tiltak og prisoverslag. Bilete er også viktig dokumentasjon og ein må skildre korleis objektet blir brukt (t.d. innmark eller beitemark).

    • Over 50 000,-: Må ha eit anbod frå entreprenør eller takst frå takstmann (over 200 000,- trengs to anbod på jobben) + bilete med skildring av bruk.

    • Over 500 000,-: Må sannsynleggjere overslaget (skildring av skadeomfang med bilete og bruk, alternativt anbod eller takst) og så sender naturskadefondet ein eigen takstmann for å vurdere tiltaket.

Ansvaret for dokumentasjon ligg no til den enkelte søkjar og krev ein del arbeid. Bruk av eigenoppgåve og innhenting av anbod krev ein del arbeid, men er billigare for søkjar. Bruk av takstmann vil vere ein kostnad, men i større grad sikre kvaliteten på grunnlaget som blir sendt med søknaden. Ein takstmann vil også ha oversikt over ordninga og moglegheitene.
Takstmenn her lokalt som er godkjent for naturskadeordninga er:

  • Arne Øyen – mob: 976 51 900

  • Svein Arve Ruud – mob: 415 28 783

  • Aslak Randmo – mob: 971 60 936

 

Erstatningsutmåling, eigendel og utbetaling:

Landbruksdirektoratet skal vurdere søknaden basert på dokumentasjonen som er gjeve. Bruksverdien av objektet set ei øvre grense for erstatningsutmålinga. T.d. vil ein veg ha større bruksverdi enn ei beitemark. Dersom kostnaden med å reparere objektet er vesentleg større enn bruksverdien, blir bruksverdien lagt til grunn for utbetaling.

Når bruksverdien er høgare enn kostnaden ved tiltaket, blir erstatning utbetalt i etterkant basert på dokumentasjon at arbeidet er utført.

Eigenandelen for naturskadeordninga er 30% for dei første 100 000,- og 15% for delen som overstig 100 000,-.

Erstatning for skade må overstige 20 000,- (før trekk av eigendel) for å få utbetaling frå naturskadefondet.

 

Informasjonsmøte:

Kommunen vil arrangere ope møte i Skjolden, Fjordstova tysdag 23.10 kl.19.00
Det vert orientert om hendinga, erstatnings- og forsikringsordningar og det vidare utbetringsarbeidet.