Kommunestyret skal velje fleire råd og utval etter kommunestyrevalet.

Luster Eldreråd er eit partipolitisk uavhengig, rådgjevande organ for kommunen i saker som vedkjem dei eldre sine behov og interesser. Det er til dømes, helse- og omsorgstilbod, kultur og fritid, samferdsle, folkehelse, kommuneplan, reguleringsplanar og budsjettarbeid.

Eldrerådet har 7 medlemer. I tillegg peikar kommunestyret ut ein representant som observatør med tale- og forslagsrett. I denne perioden er det ordføraren.
Medlemane i eldrerådet kan veljast frå dei har fylt 60 år.
Eldrerådet si funksjonstid samsvarar med den kommunale valperioden. Dei har om lag 6 møte pr. år. Fyrste del av møtet informerer rådmannen om aktuelle saker/utfordringar. Denne delen av møta er saman med rådet for personar med funksjonsnedsetting

Pensjonistlag og andre organisasjonar som arbeider for eldre sine vilkår har rett til å kome med forslag på medlemar til eldrerådet.

Frist for å kome med forslag på medlemer i eldrerådet er 25. september 2023.
Dei som blir valde må samtykke til vervet.

Lenke til vedtekter for eldrerådet.

 

Fleire råd i kommunen:

På lik linje med eldrerådet har kommunen

  • Råd for personar med funksjonsnedsetting
  • Ungdomen sitt kommunestyre

Dei jobbar ofte med dei same sakene (sjå ovanfor), men tek også ta opp mange saker på eige initiativ.

For det fyrste rådet har aktuelle brukarorganisasjonar og organisasjonar som arbeider for personar med funksjonsnedsettingar sine vilkår rett til å kome med forslag på medlemer. Her har rådet meldt at det er ynskjeleg med yngre medlemer.

For ungdomen sitt kommunestyre har Luster ungdomsskule 3 medlemer, Hafslo barne- og ungdomsskule 3 medlemer, Sogndal vidaregåande skule har 4 medlemer, 4 H har 1 medlem, Idrettsrådet har 1 medlem og dei politiske partia kan ha 1 medlem. I tillegg er det behov for varamedlemer.

Er du interessert i å vere med i eitt av desse råda, meld di interesse via organisasjonar/skular som har rett til å komme med forslag på kandidatar. Du kan også kontakte kommunen v/Anita Bjørk Ruud som kan formidle interessa vidare.