Oversikt over tidlegare år:

 

Kommune- og fylkesvalet 2011

Kommune- og fylkesvalet 2015

Stortingsvalet 2017

Totalt førehandsrøyster

646

715

972

Komne i posten valdagen og tysdagen

27

34

107*

Fordi me ikkje har post på laurdagar aukar talet på røyster måndag og tysdag.

Valresultatet blir ikkje klart før tysdag 10. september om lag kl. 19.

Du kan førehandsrøyste innanriks til og med fredag 6. september. Det er høve til å førehandsrøyste kvar du vil i landet. Røysta di blir sendt til den kommunen der du er manntalsførd.
Det betyr at mange røyster kjem fram til kommunen måndag den 9. september og tysdag den 10. september. Siste frist for å bli rekna med i valet er tysdag 10. september kl. 17.00.

Desse røystene må vere innkomne og opptalde før kommunane kan ta ut mandatfordeling og kandidatkåring, truleg etter kl. 19.

Hugs at det er langope for førehandsrøysting på rådhuset

5. september til kl. 18.00
6. september til kl. 20.00

Det er også høve til å førehandsrøyste på Hafslo omsorgssenter torsdag 5. september kl. 11.00 – 13.00.

På valdagen må du røyste i den kommunen der du er manntalsførd. Opningstid for vallokala i Luster.