A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
luster oppvekstsenter

Første skuledag måndag 17.august kl 08.30

Me håpar at alle har hatt ein flott sommar, og ønskjer alle nye og gamle elevar velkomne til oppstart av nytt skuleår måndag 17. august kl. 08.30!

Det vert relativt tradisjonell opning med felles samling i gym.salen (elevane møter opp ved inngangsdøra til skulen som vanleg). Skuledagen varer til 13.25, og skuleskyssen vil gå som normalt. SFO er i gang frå og med måndag 17.august. Leksehjelp vil starte opp i veke 35 (25.august).

NB! Truleg ikkje skulemjølk dei første dagane.

Dei vaksne på skulen har allereie vore i sving i klasseromma, og planlagt mykje kjekt som me skal gjera dette skuleåret. I år er det berre ein ny lærar, i tillegg til rektor/styrar, som er nye. Me gler oss!

Vel møtt!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS