Første veka med sommarskule over

Publisert
Danseverkstad

Danseverkstad

Då er den første veka med sommarskule over. FriMoro har vore arrangert i to puljer + ein ekstradag. Det har vore rockeverkstad og friluftslivkurs i Jostedal, danseverkstad i både Skjolden, Gaupne og Hafslo. ViteMeir har hatt Designerspiren-kurs i Gaupne. Alle stader har det vore blide fjes og mykje moro. Neste veke er det duka for Sommerlab og fotokurs i Gaupne, Reodorverkstad og Battlebots på Hafslo!