A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Samarbeid med helsesyster

Fokus på psykisk helse på LUS i oppstart av eit nytt år!

Fyrst av alt vil dei tilsette ynskje alle føresette og ungdomar; Godt nyttår!

I haust var det Verdens psykiske helsedag. Der var tema blant anna; Når det skjer endringar i livet, korleis takle dette?

Gjennom arbeid med Olweus årshjul og førebygging av mobbing har me fokus på tema heile året. Men i oppstart av nytt skuleår vil me ha litt ekstra fokus på dette.

I tett samarbeid med helsesyster, Jorunn Ødegård, har me utarbeidd eit opplegg den 23.01.17. Der vert dei gode hjelparane i kommunen presentert for ungdomane, det vert eit innlegg om angst og meistring, samt ulike filmar om tema med oppgåver. I samband med fokus på dette tema kjem Skeiv ungdom på besøk til LUS 16. og 17.01.17. Tema homofili har vorte meir sentralt etter at serien "Skam" sette fokus på dette. Ta kontakt med rektor, Kristin Vee, om det er spørsmål rundt desse dagane. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS