Barnehagar og skular har vore stengde frå og med 13. mars og skal halde stengt til og med 13. april. Det inneber eit fritak for betaling i 1 månad og 1 dag. Det blir difor ikkje sendt ut faktura for barnehagebetaling i april månad. Den eine dagen og eventuell vidare stenging blir fråtrekk på maifaktura. Dei barna som skal slutte i løpet av perioden det er stengt får refundert det dei har til gode.

Luster kommune har allereie sendt ut fakta for SFO for mars. Denne fakturaen skal betalast i sin heilskap då mange allereie har betalt, og kommunen bør unngå administrativt meirarbeid. Det som er betalt for mykje, vil verta avrekna og refundert på neste faktura.
Det vert ikkje sendt ut faktura for SFO-betaling i april månad.  

Kommunen avventar ny informasjon frå styresmaktene om kva tiltak kommunen og føresette skal forhalda seg til etter 13. april.