A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
logo

det vert foreldremøte for heile oppvekstsenteret

foreldremøte 16.september

Årets fyrste foreldremøte vert tysdag 16.september. I dei siste åra har me valt å ha barnehage fyrst så ei fellesøkt og til slutt skule. I år vert tidsplanen slik:

kl.18:00 til 19:00 er det foreldremøte i barnehagen og 1.-2.klasse.

kl.19:00 til kl.20:00 er det for alle foreldre med barn i barnehagen og skulen.

kl.20:00 til 21:00 er det for 3.-4.klasse og 5.,6.-7.klasse.

Me prøver til ein kvar tid å legge opp eit løp som passar best for alle. Med at 1.-2.klasse har foreldremøte frå kl.18:00 til 19:00 vil alle foreldre kunne vere på alle barnehage/klassemøta.

Tema for haustmøtet er å gjennomgå rutinar, lovverk, informasjonshefte og val. Fjorårets FAU gjekk ei løysing ein har praktisert i barnehagen i det siste med opprykk av vara. Det vil seie at dei som var vara i fjor vert foreldrerepresentant for deira klasse og me må velje nye vara. Det er laga gode arbeidsrutinar for arrangement som FAU har ansvar for så det er ikkje noko utfordring for dei som måtte komme i FAU eller som vara.

Årets klassemøte vert det sett eit fokus på felles forståing av reglar og grenser foreldra bruker. Dette har vore eit vellykka fokus slik at t.d. bursdagar vert gjort likt. Dette vil og styrar/rektor sei noko om i fellesøkta.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS