A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Foreldreundersøkinga - utvida frist til 3. juni!

Alle foreldre skal ha motteke skriv vedr Foreldreundersøkinga 2016. På det skrivet vil de få oppgitt det brukarnamnet de skal nytte for å logge inn på undersøkinga.

Utdanningsdirektoratet(UDIR) har i samarbeid med KS, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) og Elevorganisasjonen utvikla ein brukerundersøking for foreldre/foresatte til barn i grunnskulen.

Foreldreundersøkinga er frivillig og kan svarast på av foreldre med born i                1.-10. klasse. Denne undersøkinga gjennomfører me kvart tredje skuleår.

 

Undersøkinga  er retta mot elevene sine foresatte, og me oppmodar dykk til å gi ei vurdering av elevane sitt læringsmiljø, og samarbeid mellom heim og skule.

 

Me ynskjer at alle deltek. Dei som har fleire born på skulen, kan velgje å svare på ei undersøking (svar då for den eldste eleven).

De går inn på denne nettadressa: https://elfu.udir.no/Respondent/Login.aspx?ReturnUrl=%2fRespondent%2f

Brukarnamnet de skal bruke er: det de har fått oppgitt i skrivet de har motteke heime.

Dersom de har vanskar med å gjennomføre, eller har spørsmål – ta kontakt med underteikna.

Undersøkinga er anonym.

NB! Utvida frist til fredag 3. juni.

 

Lukke til!

 

Kjell Ertesvåg

-rektor-

 

Tlf: 57685822/90835333

E-post: kjell.ertesvag@luster.kommune.no

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS