I Drægni er det to kommunale tomter utan reguleringsplan. Tomtene har ikkje eige gards- og bruksnummer enno, men dei er på ca. 600 m2 – veg ikkje medrekna.  Feltet ligg ca. 60 meter over havet i gangavstand til butikk. Tomtene ligg stille til med eit kommunalt husvære som nabo, dei vender mot sør-aust og har utsikt utover Fortun.

Tomtene ligg ca. 600 m frå busstopp ved FV 55 og ca. 700 m frå butikk. Barnehage, skule og fleirbrukshus med bl.a. eit lite symjebassen er i Skjolden, ca. 6,5 km frå Drægni.  Feltet ligg ca. 32 km frå kommunesenteret Gaupne og 10 km frå Turtagrø som er inngangsportalen til Sognefjellet og Jotunheimen nasjonalpark.

Pris på tomt 423 000 kr.

kart-tomtenummer.JPG

Ledige tomter i feltet

Tomt 1   Tomt 2

Draegni-1.jpg

Draegni-2.jpg