Framside
Kåring av beste klasse i 17. maitoget
Tradisjonen tru ynskjer 8. klasse å heidre og åre den klassen som kosar seg mest og bidreg til best stemning i 17. maitoget på Hafslo. Toget vil bli observert og bedømt av ein hemmeleg dommar ein eller annar plass langs togruta.
Dommaren vil legge vekt på om klassen:
- Syng 17. maisongar
- Har eit flott klasseheiarop
- Går på rad og rekke
- Roper «Hipp, hipp, hurra» gjennom tog traseen.
- Har med flagg dei viftar med, eller andre 17. effektar som lagar lyd.
- Det er ikkje høve til å bruke høgtalar eller annar elektronisk innretning i toget J
Me ynskjer alle lykke til, og ser fram til ein flott nasjonaldag, i lag med dykk!
Helsing 8. klasse med føresatte.