Forskrift om Verneplan for edellauvskog i Sogn og Fjordane. Vedlegg 12. Freding av Loi naturreservat, Luster kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2009-06-19-810
PublisertII 2009 hefte 3
Ikrafttredelse19.06.2009
Sist endretFOR-2013-03-15-284 fra 01.07.2013
Gjelder forLuster kommune, Vestland
HjemmelLOV-1970-06-19-63-§8, LOV-1970-06-19-63-§10, LOV-1970-06-19-63-§21, LOV-1970-06-19-63-§22, LOV-1970-06-19-63-§23 jf LOV-2009-06-19-100-§77
Kunngjort25.06.2009   kl. 15.00
KorttittelForskrift om Loi naturreservat

Heimel: Fastsett ved kgl.res. 19. juni 2009 med heimel i lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern § 8, jf. § 10 og § 21, § 22 og § 23. Fremja av Miljøverndepartementet. Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 1.Avgrensing

Naturreservatet gjeld følgjande gnr./bnr.: 182/1, 182/4, 182/5, 182/6, 182/9, 182/14, 182/15, 182/16, 182/17, 182/18, 182/21, 182/22, 183/1, 183/20 i Luster kommune.

Naturreservatet dekkjer eit totalareal på 0,863 km​2 .

Grensene for naturreservatet går fram av kart i målestokk 1:5 000 datert Miljøverndepartementet mars 2009. Dei nøyaktige grensene for reservatet skal merkast av i marka. Knekkpunkta skal koordinatfestast.

Fredingsforskrifta med kart er tilgjengelege i Luster kommune, hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fylke, i Direktoratet for naturforvaltning og i Miljøverndepartementet.

§ 2.Føremål

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit skogområde med spesielle naturtypar, med heile mangfaldet av artar og vegetasjonstypar og alle naturlege økologiske prosessar. Området har særskilt vitskapleg og pedagogisk verdi med sitt mangfald av både artsrike berg- og engsamfunn og restar av tidlegare open, grovstamma styvingsskog som no er frodig edellauvskog rik på kultursky kryptogamar, og som er eit viktig studieområde for forsking på førindustrielle haustingsmåtar og skjøtsel av edellauvskog.

§ 3.Vernereglar

For naturreservatet gjeld følgjande reglar:

1.Vegetasjonen, medrekna daude buskar og tre, er freda mot skade og øydelegging. Det er forbode å fjerne planter og sopp (medrekna lav) eller delar av desse frå reservatet. Nye planteartar må ikkje førast inn. Planting eller såing er ikkje tillate.
2.Dyrelivet, medrekna reirplassar og hiområde, er freda mot skade, øydelegging og unødig uroing. Nye dyreartar må ikkje førast inn.
3.Det må ikkje setjast i verk tiltak som kan endre naturmiljøet, som t.d. oppføring av bygningar, anlegg, gjerde, andre varige eller mellombelse innretningar, parkering av campingvogner, brakker o.l., opplag av båtar, framføring av luftleidningar, jordkablar eller kloakkleidningar, bygging av vegar, drenering og anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling, planering og lagring av masse, utføring av kloakk eller andre konsentrerte ureiningar, tømming av avfall, gjødsling, kalking og bruk av kjemiske middel. Forsøpling er forbode. Opplistinga er ikkje uttømmande.
4.Motorferdsel på land og på vatn er forbode, medrekna start og landing med luftfartøy.
5.Bruk av reservatet til teltleirar, idrettsarrangement eller andre større arrangement er forbode.

§ 4.Generelle unntak

Reglane i § 3 er ikkje til hinder for:

1.Gjennomføring av militær operativ verksemd og tiltak i ambulanse-, politi-, brannvern-, rednings- og oppsynsærend, og gjennomføring av skjøtsels- og forvaltingsoppgåver bestemt av forvaltingsstyresmakta. Unntaket gjeld ikkje øvingskøyring.

Reglane i § 3 nr. 1-3 er ikkje til hinder for:

2.Sanking av hasselnøtter, bær og matsopp.
3.Jakt og fangst etter viltloven.
4.Beiting.
5.Vedlikehald av anlegg som er i bruk på fredingstidspunktet.
6.
a.Drift og vedlikehald av eksisterande energi- og kraftanlegg.
b.Naudsynt istandsetting av kraftliner ved akutt utfall. Ved bruk av motorisert transport skal det i ettertid sendast melding til forvaltningsstyresmakta.
c.Oppgradering/fornying av kraftliner for heving av spenningsnivå og auking av linetverrsnitt når dette ikkje fører til vesentlege fysiske endringar i høve til verneformålet.
7.Drift og vedlikehald av fylkesveg.
8.Slått og hausting av opne engareal i samråd med forvaltingsstyresmakta, med handreiskap eller tohjulslåmaskin, men ikkje tilføring av gjødsel eller plantevernmiddel.

§ 5.Eventuelle unntak etter søknad

Forvaltingsstyresmakta kan etter søknad gje løyve til:

1.Naudsynt motorferdsel i samband med aktivitetar nemnde i § 4 nr. 3, 5 og 6 a og c, og § 5 nr. 2, 3, 5, 6 og 7.
2.Merking, rydding og vedlikehald av eksisterande stiar, løyper og gamle ferdselsvegar.
3.Hogst og utdrift i samsvar med vedteken forvaltingsplan.
4.Avgrensa bruk av reservatet som nemnt i § 3 nr. 5.
5.Oppsetjing av gjerde i samband med beiting.
6.Oppgradering/fornying av kraftliner som ikkje fell inn under § 4 nr. 6 c.
7.Vedlikehald og skjøtsel av kulturminne.
8.Oppreinsking eller andre tryggingstiltak langs fylkesveg
9.Naudsynt øvingskøyring for formål nemnde i § 4 nr. 1.

§ 6.Generelle dispensasjonsreglar

Forvaltingsstyresmakta kan gjere unntak frå forskrifta når føremålet med fredinga krev det, samt for vitskaplege undersøkingar, arbeid av vesentleg verdi for samfunnet eller i særlege tilfelle når det ikkje strir mot føremålet med fredinga.

§ 7.Forvaltingsplan

Forvaltingsstyresmakta, eller den forvaltingsstyresmakta gjev fullmakt, kan gjennomføre skjøtselstiltak for å fremje fredingsføremålet. Det skal utarbeidast forvaltingsplan, som kan innehalde nærare retningsliner for gjennomføring av skjøtsel.

§ 8.Forvaltingsstyresmakt

Miljødirektoratet fastset kven som skal vere forvaltingsstyresmakt etter denne forskrifta.

0Endra med forskrift 15 mars 2013 nr. 284 (i kraft 1 juli 2013).

§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks.