Saka er no lagt ut på offentleg ettersyn i Vestland fylkeskommune og i Luster kommune. Kommunestyret er gitt ein frist på 6 veker frå kunngjeringsdato  for å koma med uttale.

Fredinga etter § 15 omfattar fylgjande bygning: Ludwig Wittgenstein sitt hus, både eksteriør og interiør.

Fredinga etter § 15 omfattar stien frå Eidsvatnet opp til huset.

Fredinga etter § 19 omfattar eit avgrensa område merka av på kart (sjå figur i saka).

Saksdokumenta er tilgjengelege her på heimesida til Luster kommune, og er i papirformat lagt ut på Servicetorget i rådhuset og  biblioteket i Gaupne.

For informasjonar kan kultursjef Erling Bjørnetun tlf. 57 68 55 21 kontaktast.
 

Dokument:

Brev m/fredingsforslag frå Vestland fylkeskommune, 30.04.2020 

Dokumentasjonsvedlegg

Fotodokumentasjon eksteriør