A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
skulestart 2016

Fyrste skuleveka!

Skuleåret starta med fint vær og i nye lokaliteter. 

Veka gjekk fort med fjellturar både på småskulesteget og mellomsteget. Ungdomskuleelevane har starta med valfag. Dei har snakka tysk, prøvd koding og vore på Hillestadstølen med ulike aktivitetar på myra. Me er på god veg til å bli kjend med den "nye" skulen. Elevane er flinke til å bruke dei nye garderobeinngangane, og mange har innesko. Dei som ikkje har skaffa seg innesko enno, bør gjere det i næraste framtid:-) Bussvaktene melder om flinke elevar på skulebussen. Dei stiller fint opp i køordning med dei yngste fyrst. Minnar om at alle som har krav på skuleskyss MÅ ha med busskortet sitt. Det er kun nye elevar som har fått nytt busskort i år. De andre fekk ifjor og skal bruke det. Har de mista det må de ta kontakt med skulen. Då formidlar skulen det vidare til fylket. For å erstatte busskortet krev fylket eit gebyr som de då får saman med det nye busskortet. Bussjåførane kan kreve betaling viss elevane ikkje har med busskort. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS