A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

"Gå til skulen-aksjonen 2014"

Torsdag 25. september vert "Gå til skulen-aksjonen 2014" gjennomført. Elevane møter då på sine samlingsplassar i nærmiljøet kl 08.15, der vil dei møte tilsette frå skulen som går med elevane til skulen.

Me ynskjer i lag med elevane, foreldre og lærarane å setje fokus på kor viktig det er at alle har ein trygg og god skuleveg.

Merk at elevane frå Solvorn og Hestnes tek buss til Gamlestova, og går derifrå. Me satsar på at alle går til skulen denne dagen!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS