Gamlestova barnehage har desse satsingane i 2024/2025:
Fysisk og psykisk helsefremjande barnehage;
I Gamlestova skal barna vere fysisk aktive kvar dag. Ute- og innetid skal vektleggast like mykje, og vi skal ha like god vaksentettleik inne som ute. Vi skal vere ein psykisk helsefremjande barnehage der leiken er i fokus. Vi har fokus på FN’s barnekonvensjon og barn sine rettar, barn sitt fysiske leikemiljø, relasjonar vaksen-barn og foreldresamarbeid. 4 åringane (f. 2020)– går gjennom leikeprogrammet «Kule krabatar leikar».
Livsmeistring - robuste barn og ungdom 2020-2025
Samarbeidsprosjekt Luster og Sogndal. Gi barn kompetanse, dugleik og verktøy til å kunne utvikle ei god og robust psykisk helse. Barna skal lære seg å takle livets med- og motgangar. Personalet har fått presentasjon av metoden «Hjertesamling». Det er ein metode for å førebyggje vald og overgrep. Gjennom opplegget får barn språk og verktøy til å kunne fortelje om det som er vanskeleg. Prosjektet har eiga nettside: meistrelivet.no
Foreldresamarbeid
Vi har fokus på foreldresamarbeid der vi jobbar med ulike sider ved dette. Det er spesielt fokus på oppstartssamtale for å bygge gode relasjonar med føresette og sikre trygg overgang for barnet frå heim til barnehage.
Vaksenrolla
For oss er tryggleik og trivsel viktige faktorar. Vi vil at de som foreldre skal reise frå barnehagen og vera trygge på at barna har det godt. For å oppfylle dette, må vi ta oss god tid saman med barna, vere engasjerte, nærverande og positive. Det handlar om den AKTIVE VAKSNE.
Vi arbeider etter prinsipp frå: Circle of security (COS), tryggleikssirkelen; som gir oss verktøy til å forstå barnet betre. Dette er og eit tilbod som foreldrekurs.
«Se barnet innenfra» er eit tilknytningsbasert program for personalet som skal auke vår bevisstheit på kva barn treng for å fremje tryggleik, livsmeistring og helse.
Sosial kompetanse /Leikekompetanse
Leik er frivillig og styrt av barnet sjølv, og den er grunnleggande for barn si læring og utvikling. Vi vil skape eit godt leikemiljø fysisk og psykisk. Barna skal ha medverknad på kva og kven dei vil leike med i kvardagen. Målet er at alle barn skal vera inkluderte og oppleve at andre barn vil leike saman med dei, og at alle skal vera ein god og grei leikekamerat. Leik er barna sin viktigaste aktivitet og er ein svært sentral del av dagen i Gamlestova barnehage. Vi i barnehagen vektlegg : vennskap, empati, konsentrasjon, toleranse, humor, konfliktløysing, dele opplevingar, godheit, rettferdigheit, verdi for gruppa, inkludering, rollemodell, tru på seg sjølv, språktrening, sjølvstendigheit, sosialisering.
Omsorg, danning, leik og læring
Omsorg i barnehagen handlar om relasjonar og tryggleik. I Gamlestova barnehage skal nærleik, vilje til å lytte, og innleving prege samspelet mellom barn og vaksen. Personalet skal gje barna rom for å være seg sjølv, og hjelpe barna til å fylgje reglar, normer og sosiale krav.