Sjekk gardskartet ditt

Det kan vere lurt å sjekke kartet og arealtala no i god tid før søknadsomgangen til hausten.

Sjå Gårdkart for ev. endringar i kartet etter førre søknadsfrist. Under «Endring AR5» i lista på venstre side vel du «okt. 2020 – nå».


Kvifor er det gjort endringar?

Det er Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) som har oppdatert kartet. Når NIBIO oppdaterer arealressurskartet samanliknar dei kartet med det dei ser i nye flybilde, saman med Google Maps og med opplysningar frå første gongs feltkartlegging. Dei fleste oppdateringar som er gjort, kjem av at det har skjedd endringar i landskapet, som nydyrking, nedbygging, tilplanting eller attgroing. Det kan òg vera at kartet tidlegare inneheldt feil som no er retta opp.

På noko av jordbruksareala trengst det ein ekstra fysisk kontroll, dette gjeld særleg innmarksbeite. Kommunen tek sikte på å starte med fysisk kontroll av jordbruksareala i 2021, og dei det gjeld vil bli kontakta på førehand.


Er du usamd i endringar som er gjort i klassifiseringa av jordbruksarealet ditt?

Send ei skriftleg melding med kart og bildedokumentasjon som viser kva du meiner er feil, på e-post til postmottak@luster.kommune.no eller i posten til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, innan 30. mai 2021. Viss innsend dokumentasjon tyder på feil klassifisering, vil endring eller fysisk kontroll bli vurdert av kommunen. Sjå «Generell info om klassifisering av jordbruksareal» nedanfor.


Vidare oppdatering

Kommunen skal halde arealressurskartet (AR5) oppdatert og legga inn endringar når det skjer endringar i landskapet. Gje beskjed til oss om det er gjort endringar på eigedommen din som påverkar jordbruksarealet. Då er det lettare for oss å halda AR5 oppdatert.

Dei som har jordleigeavtale må oppdatera arealendringar når avtaleperiode har gått ut og når ny jordleigeavtale skal skrivast. Omtale om driveplikt og jordleigeavtaleskjema finn du her 

 

Nydyrking

Nydyrking kan berre skje etter plan godkjent av kommunen (§4 i forskrift om nydyrking). Dette gjeld opparbeiding av udyrka areal til fulldyrka eller overflatedyrka jord. Søknad om godkjenning av plan for nydyrking skal skrivast på skjema fastsatt av Landbruksdirektoratet og sendast til kommunen. Hugs vegetasjonssone til vassdrag på minimum 6 meter (2 meter dersom det ikkje er årsikker vassføring) – jf. §6 i forskrift om nydyrking.

 

Ved spørsmål kontakt

Stephan Smeby v/landbruk og naturvaltning, Stephan.Smeby@luster.kommune.no tlf. 57 68 55 82

 

Generell info om av klassifisering av jordbruksareal

Jordbruksareal er samlebetegnelse for arealtypane fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Det er desse arealkategoriane som vert brukt i søknad om arealtilskot i jordbruket. Det er tilstanden til arealet som skal leggast til grunn for klassifiseringa, ikkje bruken av arealet.

 

Fulldyrka jord

Jordbruksareal som er dyrka til vanleg pløyedjupn, og kan nyttast til åkervekstar eller til eng, og som kan fornyast ved pløying.

  • Jorddjupne på meir enn 30 cm til fast fjell på over 50 % av arealet.
  • Skal kunna grøftast på minst 80 cm ved behov
  • Minste registeringsareal – 0,5daa
  • Minste fråtrekksareal (øy i arealet) – 0,2 daa

(For meir info om markslagsklassifisering, sjå kjeldetilvising)

 

Overflatedyrka jord

Jordbruksareal som for det meste er rydda og jamna i overflata, slik at maskinell hausting er mogleg.

  • Kan haustast maskinelt med t.d. tohjulstraktor
  • Skal ha organisk jordlag
  • Jordlaget er for grunt til å kunna pløyast
  • Eller stein og blokk er ikkje fjerna til vanleg pløyedjupne
  • Minste registeringsareal – 0,5daa
  • Minste fråtrekksareal (øy i arealet) – 0,5 daa

(For meir info om markslagsklassifisering, sjå kjeldetilvising)

 

Innmarksbeite

Jordbruksareal som kan brukast som beita, men som ikkje kan haustast maskinelt. Minst 50 % av arealet skal vere dekte av kulturgras og beitetålande urter.

  • Kan ikkje haustas maskinelt
  • Ujamt areal som er oppstykka
  • Minst 50 % av arealet skal ha kulturgras og beitetålande urter
  • Tydeleg kulturprega
  • Minste registeringsareal – 0,5daa
  • Minste fråtrekksareal (øy i arealet) – 1,0 daa

(For meir info om markslagsklassifisering, sjå kjeldetilvising)

 

Kjelder

På NIBIO sine nettsider kan du finna meir informasjon om karta AR5.

Det er òg laga ein brosjyre om arealressurskartet.: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/bitstream/handle/11250/2415670/NIBIO_2016_Arealressurskart-AR5.pdf?sequence=3&isAllowed=y

Forskrift om nydyrking: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1997-05-02-423?q=lov%20myr

Søknad om nydyrking på skjema fastsatt av Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/eiendom/ordninger-for-eiendom/soke-om-nydyrking

Info om AR5 Klassifikasjonssystem.PDF: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2596511

Innmarksbeite.PDF (Nynorsk): https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/klassifikasjonssystem-ar5/_/attachment/inline/9fc71dda-10d1-472a-8df3-94877357d3e2:e6849f56f47284418e90f836319801e810725e3b/20180117_Innmarksbeite_enkel%20forklaring_Nibio_nn.pdf

Innmarksbeite.PDF (Bokmål): https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/klassifikasjonssystem-ar5/_/attachment/inline/9fc71dda-10d1-472a-8df3-94877357d3e2:6950af7d60838c900cde7307d17f012b00108a7d/20180117_Innmarksbeite_enkel%20forklaring_Nibio.pdf

Rettleiar for klassifisering av innmarksbeite i AR5 https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/kurstilbud/ar5-feltkurs/_/attachment/inline/de415149-4d72-4241-9a5b-c28a4be0e83c:796164ef2b594803cd998e569b4152c9837cced6/Beiterettleiar_Nibio_20200515.pdf

AR5 feltkurs: https://www.nibio.no/tema/jord/arealressurser/arealressurskart-ar5/kurstilbud/ar5-feltkurs