Foreldreråd, foreldrerådets arbeidsutval (FAU) og samarbeidsutval (SU)
I tillegg til dagleg kontakt, foreldresamtalar og foreldremøte er det lovpålagte samarbeidsorgan som skal sikra at foreldre har reell påverknad på det som skjer i barnehagen.
Foreldrerådet består av alle foreldra i barnehagen. Her kan dei møtest, diskutera ønske og behov og koma med forslag til barnehagen. Dette vert gjerne halde som del av foreldremøte tidleg på hausten. Det er foreldrerådet som vel representantar til FAU og til SU.
FAU skal vere bindeleddet mellom foreldra og barnehagen i saker som gjeld fleire enn kun eige barn. FAU skal fremja foreldregruppa sine fellesinteresser overfor barnehagen og arbeide for eit godt barnehagemiljø.
Samarbeidsutvalet (SU) er eit lovpålagt utval med likt tal tilsette og foreldre. SU er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Representantane i SU har teieplikt. SU tek opp saker som er meldt inn frå foreldrerådet, personalet eller styrar. Det er SU som godkjenner barnehagen sin årsplan, jf. barnehagelova § 2. Aktuelle saker i SU kan vera: faglege satsingar, budsjett og økonomi, rutinar, trafikktryggleik, personalsituasjon, foreldreundersøkingar.
Medlemer av samarbeidsutvalet i Gaupne barnehage 2024/2025:
- Maria Vigdal Bolstad og Silje Vigdal (frå FAU)
- Lena Skare og Oddny Iren Norheim (ansatte)
- Anette Stegegjerdet Norberg (politisk representant)
- Sekretær: Heidi-Karin Teigen Njøs, styrar
Medlemmer av foreldrerådets arbeidsutval 2024/2025:
- Leiar:
- Nestleiar:
- Medlemmer på dei ulike avdelingane:
Rosa: Haakon Stauri Begby, Yvonne Gilje (vara)
Turkis: Eline Beddari Ørbeck, Rune Eide Stenehjem (vara)
Gul: Kristine Yttri Vigdal, Andreas Kisch Dyrkjær (vara)
Grøn: Maria Vigdal Bolstad, Jørn Morten Nytun Leirdal (vara)
Blå: Silje Vigdal, Mariann Viseth (vara)
Oransje: Elisabeth Dale Larsen, Inger Marie Ensrud (vara)
Arbeidsoppgåvene for FAU dette barnehageåret vert i hovudsak å arrangere aktivitetar i barnehagen, samt den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.