Om oss - Kontakt og opningstider

Gaupne skule er ein 1.-7. skule med til saman 7 klassar. 

Adresse: Rådhusvegen 9, 6868 Gaupne

Tlf: 57 68 57 42 

Gaupne skule ligg i kommunesenteret i Luster kommune. Næraste naboar er Lustrabadet, Luster idrettspark og Luster ungdomsskulen. Me har eit stort uteområde med mellom anna ein flott klatrepark og ein pumptrack for sykkel. Dei fleste elevane våre har gangavstand til skulen. Skulen vart bygd i 1995, og er godt vedlikehalden med lyse, fine klasserom og ein stor aula som vert brukt til fellessamlingar kvar veke. Me har eit flott skulebibliotek som vert flittig brukt og som me er svært stolte av.

Skuleåret 2024-2025 har me 141 elevar. Heile 15 nasjonalitetar er representerte i flokken vår. På SFO er det 64 barn. Me har veldig god kjønnsbalanse i kollegiet og har både menn og kvinner på alle klassesteg. Arbeidsmiljøet vårt er svært godt, og gode resultat både på Elevundersøkinga og nasjonale prøvar vitnar om at elevane våre både trivest og har god fagleg utvikling. 

Tilsette ved Gaupne skule er opptekne av å gje elevane variert undervisning der dei får bruke mange ulike læringsstilar. Dei siste åra har me jobba mykje med STEAM, programmering, fysisk aktiv læring og uteskule.

Opningstider

Opningstider Gaupne skule
Dag Barnetrinnet Mellomtrinnet SFO - morgon SFO - ettermiddag
Måndag 09.00 - 13.50 09.00 - 13.50 07.15 - 09.00 14.00-16.00
Tysdag 09.00 - 13.50 09.00 - 14.55 07.15 - 09.00 14.00-16.00
Onsdag 09.00 - 13.35 09.00 - 14.55 07.15 - 09.00 14.00-16.00
Torsdag 09.00 - 13.50 09.00 - 14.55 07.15 - 09.00 14.00-16.00
Fredag 09.00 - 13.50 09.00 - 14.55 (5.-6. kl. 13.50) 07.15 - 09.00 14.00-16.00