Geir Steig er for mange i Luster eit kjend namn i langrennsporten, men for nokre år sidan byte han sport frå langrenn til motbakke, og med svært gode resultat. Han har ein tredjeplass i NM bak seg frå 2015 og svært gode resultat på både Fanaråken opp og Molden opp. 2016-sesongen vart dårlegare enn han trudde då han vart overtrena, men no er han på full fart mot ein ny sesong. Målet er ei topplassering i juniorklassen i NM i motbakke i Ulvik i sumar.

Geir spring gjerne i Lustrafjella, berre litt raskare enn oss andre. Til Børesteinen frå fjorden er rekorden 42 minutt, men då var det snø øvst. Han meiner sjølv han kan klare det på rundt 40 min.

Luster sponsorlaug er: Luster kommune, Luster Sparebank og CBA, saman med idrettslaga i kommunen.

Stipendet skal gå til einskildutøvarar innan alle idrettar og stipendet skal hengja høgt. Utøvarane skal ha synt resultat på nasjonalt nivå i sin idrett.

Geir Steig.jpg

Geir Steig på Fanaråken opp. Foto: Kondis.no