"Omvendt julekalender" i skule og barnehage
GJE i staden for å få
Barnehagen samlar små gåver til ein barneheim i Litauen, skuleungane gjer småjobbar heime der løna går til SOS barnebyer. Her har me oppretta vår eigen innsamlingsside som òg andre kan gje pengar til HER.
Om SOS barnebyer si innsamling:
I desember har vi valt å vere med på Omvendt Julekalender frå SOS-barnebyer. Kvar skuledag i adventstida opnar vi ei luke i kalenderen på SOS-barnebyer sine nettsider for å sjå ein film om barn i ulike delar av verda. Kalenderen finn de her: www.omvendtjulekalender.no
I staden for å få ei gåve i kalenderen, vil vi ha fokus på å gi. Elevane kan gjere ein jobb heime og tene litt pengar til inntekt for SOS-barnebyer. Då gjer elevane sjølve ein innsats for å skaffe fram gåva dei gir. Det er sjølvsagt opp til kvar familie å avgjere storleiken på gåva.
Gåva kan ein gi på to ulike måtar
- Pengane kan leggjast i ein konvolutt som eleven tek med seg på skulen. Skriv gjerne nokre ord om kva oppgåver eleven har utført for å tene pengane.
- Pengane kan ein gi via klassen si digitale innsamlingsside. Her kan ein enkelt overføre pengar via SMS eller Visa. Linken til den digitale innsamlingssida blir sendt til foreldre/føresette på e-post. Pengesummen som ein overfører digitalt, må ein skrive ned på ein lapp som skal returnerast til skulen i konvolutt. Skriv gjerne også nokre ord om kva oppgåver eleven har utført for å tene pengane.
Ein trygg heim til jul SOS-barnebyer jobbar for å gi barn over heile verda ein trygg heim til jul. Over 200 millionar barn lever utan, eller står i fare for å miste, omsorga frå familien sin. Det er desse barna SOS-barnebyer hjelper. Elevar som deltek på Omvendt Julekalender, medverkar til at nokre av desse barna får ein trygg heim og ei lys framtid. Les meir om SOS-barnebyer sitt arbeid på: www.sos-barnebyer.no