Glede andre - aldersblanda

Tysdag ettermiddagar denne hausten og vinteren har grupper frå 5.-7.klasse på Hafslo barne- og ungdomsskule vore på gleding av andre. Dette har me lagt til dei aldersblanda gruppene me har kvar tysdag gjennom heile skuleåret.

IMG_1458
IMG_1459
IMG_1460
IMG_1461
IMG_1462
IMG_1463

Når Aldersblanda står på timeplanen har elevane aktivitetar som friluftsliv, data, mix (“oppdrag” som skal løysast) og glede andre. På Hafslo har me hatt denne modellen i over 10 år no. “Faga” varierer litt frå år til år. 

Når “Glede andre” står på timeplanen har elevane sjølve fått valt kva dei ønskte gjera. Ideane har vore mange, og oppgåvene varierte. Elevar har vore på sjukeheimen på besøk, Gamlestova barnehage har tatt imot elevane og dei har fått vore med hjelpe ungane der, nokon har reist heim til føresette eller besteforeldre. Då har turar med hunden, baking saman og husarbeid stått på programmet.  

Prosjektet har gitt oss på skulen utruleg mykje. Mange ivrige ungar som tek stort ansvar og lokalbefolkning med kjekke tilbakemeldingar. Leik, den gode samtalen og hjelpe andre har stått i fokus. Ein blir glad av å glede og ein blir glad av å bli gleda. 

Takk til alle so har villa bli gleda, me kjem att til neste skuleår.

2019-06-11 Eva Cathrine Johansen
Tips ein ven  Skriv ut