A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

God helg!

Det er ikkje rart at skuledagane går fort når me ser tilbake på alt me har gjort dei to siste vekene!

Omgrepshus om omgrepshus!
Omgrepshus om omgrepshus!
Omgrepshus på ordet observere
Omgrepshus på ordet observere
Omgrepshus, volleyball
Omgrepshus, volleyball
Brev til fadderborna
Brev til fadderborna
Rydding tilbake til elevhyller
Rydding tilbake til elevhyller
Olweus, mobberingen
Olweus, mobberingen
Olweus, mobberingen
Olweus, mobberingen
Spørsmål om Syria
Spørsmål om Syria
Kokkane kosar seg meg maten
Kokkane kosar seg meg maten
Tankekart
Tankekart
Made in....
Made in....
Gammalt kan brukast opp att!
Gammalt kan brukast opp att!
Arbeidsteikning, tekstil
Arbeidsteikning, tekstil
Arbeidsteikning, tekstil
Arbeidsteikning, tekstil
Arbeidsteikning, sløyd
Arbeidsteikning, sløyd

Tema med jobbar med er "Ei verd i endring". Det rommar mykje, og no ser me på nyheiter kvar dag om krigen som herjar i Syria. Det jobbar me også med på i klassen vår, og det er mange spørsmål som dukkar opp som elevane ønskjer å finna svar på.Elevane er delte i grupper, der nokon vil finna meir ut om presidenten, andre har tema som flyktningane, Russland/USA, krigen/IS og FN. Det blir spennande å sjå presentasjonane av arbeidet om nokre veker.Det kan vera vanskeleg å setja seg inn i den situasjonen folket frå Syria er i! Det er også mange vanskelege ord me les, både i leksene og på nettet, og me arbeider med å systematisere orda for å bli betre kjent med dei, finne ut overomgrep og underomgrep, forklaring på orda og bruke dei i setningar eller andre samanhengar. Denne lærestrategien kallar me for omgrepshus. Elevane har fått eit hefte med mange omgrepshus i, og dei har jobba både på grupper og åleine om å forske på orda. Dette skal brukast i alle fag. Me jobbar også med tankekart, og elevane byrjar å bli veldig flinke til å lage tankekart dei kan fortelja ut frå! 

Me har endeleg kome i gang med lesing for fadderborna våre, og før me las hadde me laga nokre brev som fadderborna fekk. Det var kjekt både å lage dei og å få dei! Det blir lesing kvar onsdag framover, men det er berre nokre som får lese/bli lesne for kvar veke.

Medråderettsmøte hadde me forrige torsdag, og då vart det stort fleirtal for å gå tilbake til elevhyller i staden for faghyller i klasserommet. Nå gjeld det at kvar og ein heldt det ryddig i si eiga hylle.... Mobberingen har vore eit Olweus-tema, og elevane fekk dramatisere to små rollespel for å illustrere kva rollar ein har (om ein vil eller ikkje) i ein ev mobbe- eller konfliktsak. Det er viktig å tenkje over at ein kan gjera ein forskjel om ein vågar å bry seg dersom ein ser nokon som ikkje har det så bra i klassen eller på skulen!

6.klassingane fekk lære om tallerkenmodellen i mat og helse på torsdag, og dette kan de lese meir om på 6.klassesida.

I dag har me hatt mykje kunst og handverk. Elevane har hatt med seg kle heimanfrå som ikkje lenger vert brukte. Me byrja timane med å finne ut kvar plagga er vorte laga, fann landet på kartet, og me såg at mange av kleplagga me bruker er laga i Asia. Gjenbruk er in i tida, og det er positivt både for miljø og økonomi. Elevane fekk sjå nokre eksempel på kva dei kan laga av kleda dei hadde med. Fleire hadde tenkt på førehand og kom med andre idèar. Kreativiteten blomstrar så no blir det kjekt å sjå korleis dei nye produkta blir! Dei skal også få ta sløydsalen i bruk.

God helg!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS