A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
IMG_7369

God jul og godt nytt år frå alle tilsette på LUS

Då er enda eit skulehalvår omme. Det er ei glede å få vere med ungdommar kvar dag. Dei lærer oss noko nytt heile tida. Elevane på skulen er aktive i friminutt, dei jobbar med lekser og lærer noko kvar dag – er målet! Eit godt heim-skule samarbeid er ein føresetnad for å få til dette, og me vil samstundes takke for at de føresette stiller opp på arrangement i regi av skulen.

Me vil rette ein ekstra takk til 10. trinn for vel gjennomført juleball. Dei hadde i år særleg fokus på inkludering, sosialt fellesskap og glede (dans). Det er gode verdiar. Det var og flott underhaldning, med gode parodiar på oss som jobbar på skulen. Bilete som er vedlagt er frå øvinga i forkant av ballet.

Me vil takke for godt samarbeid og ynskje alle ei god jul og eit godt nyttår!

3. januar 2018 kl. 9 startar skulen opp igjen. Då er me klare med ny energi for læring!

 

Helsing alle tilsette på LUS


 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS