A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lustrastativet

GRATULERA til 9.klassingane i Luster som vann pizza til klassane sine for gode idear og produkt.

Entreprenørskap er ikkje eit fag, snarare ein raud tråd gjennom alle fag på skulen. «Eksamen» er kåring av dei beste, fyrst på skulen, deretter på ei Entreprenørskapsmesse der neste års 8.klassingar vert inviterte til å sjå kva 9.klassingane har pønska fram. I vanlege år reiser me til ein av kommunane i regionen, men i år vart det ei Digital entreprenørskapsmesse.

Dei fleste gruppene på skulen produserer varer og tenester for sal, men dette kunne me ikkje i år. Det blei produsert prototypar som «Lustrastativet».  Elevar og lærarar måtte snu litt om og tenkje meir på presentasjon enn tidlegare, og med tanke på korleis sosiale media fungerer – ser me at dette er noko me vil legge meir vekt på framover.  Det å kunne produsere ein presentasjonsvideo med trøkk i er svært viktig, slik «Luster streetbasket» fekk god utteljing for. LUS vil gjerne gratulere HBUS med bedrifta «Fuglemat», hadde det ikkje vore for Covid-19, kunne me ha kost oss ilag alle saman, heile 2006-Lustra-årgangen. Dette lovar godt for framtida.

Beste i klasse:

Ide

Skule

Film frå/til

Beste elevbedrift

Handlelett

Aurland barne – og ungdomsskule

 

Beste nærmiljø/ lokalsamfunnsbedrift

Fuglemat

Hafslo  barne og ungdomsskule

34:21 – 35:26

Beste ide

Lustrastativet

Luster ungdomsskule

46:19 – 48:48

Berekraftprisen

Koronapatruljen

Høyanger skule

 

Beste video

Luster streetbasket

Luster ungdomsskule

40:44 -43:22

Beste salsbedrift

Julemagasin

Kvåle skule

 

 

 

 

 

Her kan du sjå presentasjonane og kåringa (54:22) :-D https://www.sogn.regionraad.no/digital-entreprenoerskapsmesse.6380056-159325.html

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS