Link til grunnlagsdokumentet her

Dokumentet skal føreligge som grunnlag for anna planarbeid i kommunen.

Ei sentral konklusjon er formulert slik:

Folkehelsa i Luster kommune er god samanlikna med fylket og landet. Mykje vert altså gjort rett, og rammevilkåra for god folkehelse er til stades i samfunnet vårt. Sentralt i folkehelse er at det meste vert påverka av avgjerder som ligg utanfor helsevesenet. God planlegging av uteareal, gode sanitære rutinar, godt miljø i barnehagar, skular og på arbeidsplassar, tilrettelegging for fysisk aktivitet, meiningsfulle liv og høg sysselsetting er alle sentrale faktorar for god folkehelse.

Grunnlagsdokumentet syner at kommunen i sitt vidare planarbeid bør ha eit særskilt fokus på desse områda:

  • Sosial ulikskap – barnefattigdom
  • Psykisk helse
  • Aldrande befolkning – ei samfunnsreform
  • Frivillige organisasjonar – samarbeid for eit bærekraftig samfunn
  • Fysisk aktivitet - kosthald/overvekt