I møtet i næringsutvalet den 17.2 vart det gjort nokre endringar i i «Grunnlagsdokumentet for handsaming av næringssaker», sjå under. Det nye oppgraderte dokumentet ligg her.

Miljøsertifisering:

I Luster kommune er det enno relativt få bedrifter som er miljøsertifiserte. Luster kommune vil stimulere til at fleire verksemder vert miljøsertifiserte. Luster kommune løyver 20.000 kr til kvar bedrift som gjennomfører miljøsertifisering innafor dei annerkjende ordningane: Miljøfyrtårn, ISO-14001 eller EMAS. Løyvinga skal finansierast av næringsfondet. Rådmannen får fullmakt til å effektuere løyvinga, når miljøsertifiseringa føreligg.

Lån til investeringar i landbruket:

  • Gjeld investeringar i produksjonsanlegg/driftsbygningar, lager for husdyrgjødsel og investeringar i frukt-, bær- og grønsaksproduksjon. Investeringa skal vere knytt opp mot ein driftsplan som viser positiv økonomisk næringsinntekt.
  • Gjennom næringsfondet vert det ytt lån på 20 % av godkjent kostnadsoverslag. Lånet er avdragsfritt i to år, nedbetaling over dei 13 neste åra. Lånet er rentefritt i heile perioden. Nedre grense for å koma inn under ordninga er godkjent kostnadsoverslag på minst kr 500 000.
  • Same kostnadsgrunnlag og dokumentasjon vert lagt til grunn som i Innovasjon Norge si behandling. Kommunen kan godkjenne søknad sjølv om Innovasjon Norge ikkje prioriterer søknaden.

Nydyrking:

  • Tilskot kr 2 000 pr. daa Vatningsanlegg: Tilskot på 20% av dokumentert kostnad. Gjeld faste installasjonar og tilhøyrande utstyr av mindre omfang, til dømes fordelingsanlegg. Gjeld ikkje vatningsvogn, traktorpumper og anna lettomsetteleg utstyr. Gjeld også oppgradering av vatningsanlegg.

Plantekjøp:

  • Tilskot - 20% av kostander med plantekjøp.
  • Gjeld ved innkjøp av fleirårige planter.
  • Plantene skal vere statskontrollerte og plantene skal dekke eit produksjonsareal på minimum 2 daa.