Utlegging til offentleg ettersyn

I samsvar med reglane i Plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-10 og 11, har det faste utvalet for plansaker i møte 26.03.2019 vedteke å leggja reguleringsplanen ut til offentleg ettersyn. Frist for merknader 20. mai 2019.Planframlegg med tilhøyrande saksdokument er lagt ut til ettersyn i tida frå 30.03-20.05.2019. Planen ligg i fysisk format i Servicetorget i Rådhuset og på biblioteket i Pyramiden, Gaupne.

Har du merknader?
Merknader til planframlegget skal sendast til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne, E-post: postmottak@luster.kommune.no eller på høyringsskjema, innan 20. mai 2019.

 

Har du spørsmål?
Spørsmål knytta til planframlegget kan rettast til planleggjar Susanne Støyle Alsaker, tlf.: 57 68 55 89, E-post: ssa@luster.kommune.no

 

Plandokument:

Plankart

Planomtale med føresegner, datert 11.03.2019

ROS-analyse, datert 11.03.2019

Skredfarevurdering, datert 29.05.2018

Innkomne merknader til oppstartvarselet

Horisontalplan av tilkomstveg

Lengdeprofil

Tverrprofil

Planframlegg med gjeldande plan


Lenkje til kommunekart

 

Handsaming:

Saksframlegg

Saksprotokoll

 

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og § 12-8 vart det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for Høyheim – privat reguleringsplan, kunngjort i Sogn avis den 14. februar 2018.

Formålet med planarbeidet
Formålet med planarbeidet er tilrettelegging for fleire bustadtomter på eigedommen gbnr. 71/6 inntil det kommunale bustadfeltet på Høyheim, anten 2 eller 3 bustadtomter.

Planområdet
Planområdet er på ca. 5.6 daa og er regulert som landbruk i gjeldande reguleringsplan for Høyheimsvik frå 2008.

Kart.jpg

Link til planområdet: https://www.kommunekart.com/?urlid=1b3625199a0a4ae1b58fe4cfddbfd05a

Kontaktperson for innspel til oppstart
Eventuelle merknader til varselet om oppstart skal sendes skriftlig og/eller (aller helst) på e-post til Utmarksplan AS v/ Knut Vidar Svanheld, Mørkridsvegen 143, 6876 Skjolden eller e-post post@utmarksplan.no innan måndag 19. mars 2018. Spørsmål kan sendes på e-post, eventuelt ta kontakt på telefon 418 58 780.