Bakgrunnen er den korte avstanden mellom dei to barnehagebygga etter at ny «Gamlestova» barnehage er på plass, og det organisatoriske og pedagogiske potensialet i eit samlokalisert og samorganisert oppvekstområde i sentrum av Hafslo.
Eit såpass stort spørsmål som eventuell samanslåing av barnehagane i Hafslo krins, krev ein høyringsrunde der involverte partar har høve til å uttala seg. Etter høyringsrunden i veke 41–46 vil rådmannen førebu ei sak for politisk handsaming i formannskapet (11. desember) og deretter i kommunestyret (19. desember).
Spørsmål i høyringa
Rådmannen oppmodar særleg tilsette sine organisasjonar og FAU/SU til å uttala seg. I høyringsuttalen ønskjer rådmannen innspel på følgjande tre punkt:
- Kva bør den framtidige organiseringa av barnehagane i Hafslo krins vere? Bør det vere to barnehageeiningar som i dag eller bør barnehagane slåast saman til ei barnehageeining?
- a) Kva bør vere namnet på ein eventuell samanslått barnehage?
b) Dersom det framleis vert to barnehagar som i dag; kva skal nye «Gamlestova» heite? - Open post: Andre innspel om samarbeidet og barnehagetilbodet i Hafslo barnehagekrins
Les meir og gje innspel
Høyringsfristen er sett til 15. november 2024.