A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
image

Haustferie

No går haustferien mot slutten, men det har vore ei solrik og fantastisk veke!

Veka før haustferien var ei travel veke for dei fleste. 6. klasse hadde kulturøkt for mellomsteget. 9. og 10. klasse var på skulekino i Sogndal og såg "Kongens nei". Dei som jobbar med uteområdet er òg travle. No har dei laga vegar, komprimert grunnen slik at me trur det er jordskjelv, pynta med kantstein og ulike haugar formar seg. Det kjem til å bli så FANTASTISK FLOTT når det blir heilt ferdig. Entreprenørane held på utover hausten heilt til snøen kjem, så me håpar at snøen lar vente på seg. Måndag 24. blir det etter planen asfaltering og då vert det unntakstilstand her hjå oss. Men viss ALLE er med på samarbeidet er skulen sikker på at det skal gå kjempefint. Om morgonen vert alle elevane "slusa" til inngangane. Etter kl. 9.00 vert heile framsida, vegen opp frå kunstgrasbana og alle inngangane stengt resten av dagen. Elevane, vaksne på skulen og foreldre må difor bruke inngangen i mellomgangen og fellesbygget fram til skuleslutt. Me må bære sko og yttertøy til og frå inngangen og til garderoben. Så i friminutta og ved skuleslutt er det på den sida av skulen (ved gamle vidaregående og ned mot vatnet) me må vere den dagen. Me gler oss til å få asfalt!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS